Hellenes vil bruke verftet i Førde som industriell motor for Sogn og Fjordane
Teknologikonsernet Hellenes, med hovudbase i Førde, inngjekk i slutten av oktober 2011 avtale med Ankerløkken Eigedom AS om å overta store deler av det nedlagde verftsområdet på Øyrane i Førde. Planen er å gjere industriområdet, med det førebelse namnet «Verftet», til eit drivhus for teknologiutvikling, som i sin tur skal føre til næringsutvikling og industriell vekst i heile Sogn og Fjordane.
4. NOVEMBER 2011
– Vi har ein visjon om å gjere Sogn og Fjordane til eit føregangsfylke innan utvikling av teknologi for framtida. Draumen er at Verftet med tida skal få eit innhald som gjer at det blir eit nasjonalt tyngdepunkt innan fornybar energi og avfallsgjenvinning, seier eigar Agnar Hellenes (biletet nedanfor t.h,).
Hellenes seier at Sogn og Fjordane har eit mangfald av naturressursar som fisk, vatn, mineral og olje.
– Fylket har dei naudsynte føresetnadane for å kunne bli ein leverandør av slike ressursar, eller avkastninga av dei, både lokalt, nasjonalt og globalt. Målet vårt er både å styrke eksisterande industri i kommunane der den er, og å utvikle dei teknologiske og praktiske løysingane for dette på Verftet.
Ei av årsakene til at valet fall på verftet inst i Førdefjorden, er at området er stort nok til å romme både Hellenes og dei andre aktørane i utviklingskjeda; frå idéskaparen eller forskaren med vage idéar om korleis behov kan løysast, via ingeniøren si utføring i teorien og bygging og testing av prototypar, til industrialisering av praktikarar og fagfolk innan fagområda mekanisk, elektrisk og automasjon. Det vil også vere plass til både private og offentlege leverandørar av sidetenester, som til dømes laboratorium, patentbistand, søknadsbistand og oppstartshjelp av ymse slag.
– Vi håpar at eit breitt utval av aktørar innan energi, ressurseffektivisering, industri og andre bransjar tek kontakt. Dei er hjarteleg velkomne til diskusjonar om samarbeid på Verftet, seier Hellenes.
Han trur også at dei gode relasjonane konsernet har til utdanningsinstitusjonar kan utviklast vidare i eit slikt miljø, og dei vil gjerne diskutere samarbeidsformer med desse:
– Vår erfaring er at samarbeid med yrkesskule, teknisk fagskule og ingeniørhøgskule om teknologiutvikling og industri gjev vinst både for elevane, lærestadane og bedriftene.
Hellenes-selskapa driv ei brei verksemd innan teknologi; teknologiutvikling, styring og kontroll av teknisk utstyr og prosessar og industriell produksjon, reparasjonar og vedlikehald. Tradisjonelt har selskapet hatt særleg fokus på oljeindustrien, energi, avfall og tryggleik, men er også involvert i fiskeoppdrett og bergverk, med leveransar av avanserte kontroll- og styringssystem.
Fellesnemnaren er at Hellenes-selskapa utviklar og byggjer smarte og skreddarsydde teknologiske løysingar for utfordringar i industrien, både på land og sjø.
Selskapa har vore i sterk vekst siste åra, og hovudbasen er i ferd med å vekse seg ut av lokala i sandtaket på Vie:
– Vi trur at vi på verftsområdet på Øyrane har funne ein ideell plassering for vidare utvikling og vekst i selskapa våre, ikkje minst når vi på same tid kan bruke området til å dra med oss andre og prøve å gjere fylket til eit attraktivt område for etablering av teknologi- og industriføretak, seier dagleg leiar i Hellenes, Geir Opseth (biletet).
- For meir info, sjå: Kontaktpersonar i Hellenes

