Om oss

Hos Hellenes. Arbeid på maskin for Halliburton. Foto: Arild Nybø, Mediebruket.Hellenes AS er eit hurtigveksande teknologiselskap med hovudsete i Førde i Sunnfjord, Sogn og Fjordane.

Hellenes har 35 dyktige og motiverte medarbeidarar med brei kompetanse innan tekniske fagdisiplinar som:

  • Automasjon
  • Elektrisk
  • Mekanisk
  • Prosess
  • Ingeniørarbeid

Sjå kva vi gjer.

Dei tilsette hos Hellenes meistrar fleire fagområde. Kompetansen og ferdigheitene deira dekkjer heile verdikjeda — frå planlegging, prosjektering, prosjektleiing, produksjon, installasjon og oppstart av kompliserte prosessanlegg — til enkle utstyrsleveransar og installasjonar.

Historia bak Hellenes AS

Agnar HellenesI 1998 etablerte Agnar Hellenes (biletet) Hellenes Elektromekaniske. Agnar Hellenes har brei industriell erfaring innan landbasert nedstraums olje- og gassindustri og miljøvenleg reinseteknologi. Han har bakgrunn frå automasjon, elektro og mekanisk ingeniørarbeid. Basert på det gode samarbeidet med hovudkunden Thermtech AS, og ikkje minst den veksande og gledelege tilfredsheita hos andre store kundar, blei Hellenes AS grunnlagt i 2002. Selskapet fekk i 2008 Tempo-prisen for Sogn og Fjordane for å ha hatt ein rask og sunn vekst (sjå omtale hos avisa Firda).

Avdelingane hos Hellenes

Hellenes AS sitt hovudanlegg ligg på Vie i Førde i Sogn og Fjordane (sjå Hellenes sitt hovudanlegg på kartet). Der har Hellenes eit anlegg for testing og produksjon, i tillegg til hovudkontoret for administrasjonen. I lokala er det plass til å konstruere og byggje store og komplekse produksjonsanlegg innan automasjon — elektrisk — mekanisk.

  • For detaljar om produksjonen i Førde, sjå Hellenes Industries.
  • Vårt kontor for Hellenes Engineering ligg i Stryn i Nordfjord.
  • Hellenes Marine er ei eining som spesialiserer seg på automasjonsløysingar for oppdrettsanlegg, og andre løysingar for automasjon og prosesskontroll.
  • Hellenes Energy fokuserer på kontrolløysingar for små og mellomstore vasskraftverk.
  • Hellenes Security leverer portløysingar for villaer og industrien.

Kva vi gjer

  • Industri

    Planlegging, ingeniør-arbeid, konstruksjon, produksjon, bygging og tilpassing.

  • Engineering

    Industri on-/offshore, mekanisk, prosessering, røyrlegging, pumper, 3D- design, analyse/testing.

  • Energi

    Pålitelegheit gjennom sikkerheit og funksjon-alitet. Tilpassa løysingar og systemovervaking.

  • Marine

    Hellenes lagar avanserte system for automasjon og kontroll, og hjelper deg å nå produksjonsmåla.

  • Security

    Vi leverer portar og portløysingar til private og industri.